Til min fødseldag i juni fekk eg nokre handklede av mi tante som ho hadde spøda. Det var få eg tenkte at det må eg vel få til. Åsbjørn korsa og bevara seg, siden sist forsøk på spøding ikkje enda bra. Av ein eller anna grunn fekk eg fleir og fleir masker, og så var det så inni hampen stramt!!!!
Som sagt så gjort satte eg i gang. Måtte passe på at blodsukkeret var på topp då. Eg satte i gang med eit skjerf, enkelt og greit. Gjekk jo riktig så bra det då:-) Lilla og fint ullskjerf strikket på pinne 7 og av udl som klør som f... Neste prosjket var eit nytt skjerf. Dette i noko som vert kalla for ribbestrikk og av udl som ikkje klør så. Eg spytte og spytte og etter 4 dager var nok eit skjerf ferdig. Så vart det eit i pærlestrikk og så til slutt eit i dobbel pærlestrikk.
DEt var no eg skulle til med det "store" prosjektet. Nemligt eit kjøkkenhandklede. Belede oppe til høgre viser kor langt eg hadde kommet på 2 dager. Måtte rekke opp ein del ganger for det var jo litt vanskelig med 6 rette og 6 vrange. Men på forsøk nr 5 ser det ut som det går nok så greit. Her brukes pinne 3,5, Garn er Mandarin petit frå Sandnes garn.