søndag 21. august 2011

Håndarbeid i kampen mot fettet

I den evige kampen mot fettet gjelder det å finne ein metode for å vinne denne kampen. Eg har no funnet det rette for meg trur eg. Strikking, eller spøding. Du tenker sikker kva dette har med saken og gjør?? Det har seg sånn at eg er ein person som har store problem med å sitte stille. Må alltid ha noko og gjør på. Det er jo begrensa kor mykje man kan støvesuge eller vakse klær. Så då måtte eg jo ty til andre ting sånn som baking av sitronkake eller boller. Det som då er problemet er jo at dette må spises opp. Så då måtte eg finne på noko som ikkje produsere kcal:-) Og som eg fekk ut noko av energien eg har. Hardangersøm var det fyrste eg begynte med. Gjekk jo i grunnen greit det men det var vanskelig å sjå på fjernsyn samtidig så det blei liggene i ein pose då eg kom til klipping av hull.

Til min fødseldag i juni fekk eg nokre handklede av mi tante som ho hadde spøda. Det var få eg tenkte at det må eg vel få til. Åsbjørn korsa og bevara seg, siden sist forsøk på spøding ikkje enda bra. Av ein eller anna grunn fekk eg fleir og fleir masker, og så var det så inni hampen stramt!!!!

Som sagt så gjort satte eg i gang. Måtte passe på at blodsukkeret var på topp då. Eg satte i gang med eit skjerf, enkelt og greit. Gjekk jo riktig så bra det då:-) Lilla og fint ullskjerf strikket på pinne 7 og av udl som klør som f... Neste prosjket var eit nytt skjerf. Dette i noko som vert kalla for ribbestrikk og av udl som ikkje klør så. Eg spytte og spytte og etter 4 dager var nok eit skjerf ferdig. Så vart det eit i pærlestrikk og så til slutt eit i dobbel pærlestrikk.

DEt var no eg skulle til med det "store" prosjektet. Nemligt eit kjøkkenhandklede. Belede oppe til høgre viser kor langt eg hadde kommet på 2 dager. Måtte rekke opp ein del ganger for det var jo litt vanskelig med 6 rette og 6 vrange. Men på forsøk nr 5 ser det ut som det går nok så greit. Her brukes pinne 3,5, Garn er Mandarin petit frå Sandnes garn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar