lørdag 13. august 2011

Dagens handel.

Har i dag vert ein tur på loppemarket på Vikeså. Måtte jo få meg meg årets begivenhet der. Vel framme litt over 10 parkerte eg bilen og gjekk inn. Der var det jo innvasjon av folk. Halve Bjerkreim hadde jo tatt turen. Men med mine 194cm på sokkelesten så er det ikkje noko problem å få sett litt. Eg kikket og kikket men kunne i grunnen ikkje finne noko som eg ville ha. Så mor og eg gjekk heller og kjøpte kaffi og wienerbrød(flott morgonsmat det) Etter kaffen ( Rød Coop?) og wienerbrødet med meste laget med melis var det tid for å sjå kva som skulle på auksjon. Og der var det jo noko som falt i smak. Ei lita gamal klesrulle var for sal. Denne må eg ha. Som den perfekte husmora som eg er:-) så er jo dette noko som eg må ha i min heim. Og siden eg hater og stryke duker o.l så er vel dette mitt i blinke. Då det rulla sto for tur så var det ikkje nokon som bød så eg slo til med 50kr. 1. 2. og 3. gang solgt:-)

Ellers så vart det ein liten ting til som eg har hatt himmel og jord i bevegelse for å få tak i. Ei trakt til å ha på Norgesglass. Denne tok mor seg av og fekk kjøpt til meg:-) Så eg er riktig så fornøyd.

Nå har eg satt på ein av mors gamle duker på kokevask, eg spurte mor om det ikkje fulgte med det på kjøpet av klesrulla og det gjorde det vist:-)

Så får me sjå korleis det går. Duken er til vask så straks den er passe tørr skal det rulles. Om det går bra så kanskje eg skal begynne mitt eget lille vaskeri her på Ytre Egenes. Eg kjem attende med bilete og resultat om korleis det gjekk med duken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar