torsdag 13. mai 2010

Helligdager og matbutikk

Kva er det som skjer med folk når (merk når ikkje då. "Kvar gong når den gong då" litt fekk eg med meg på skulen) dei ser at det er ein raud dag i 7.sans??? Ånei!!!!! Skal matbutikken vær stengt i ein dag??? Korleis skal dette gå??? Og det er no trangen om og hamstre melder seg. Her må det handles. For alt det som dei har ifrå før i kjøleskap, fryseboks og andre kjøkkenskap er bare til pynt eller innholder ikkje nok energi til og overleve dei neste 24 timer!!! Sånn virker det iallfall. Du ser dei der dei kjem inn med lappen i handa og klar til og hamstre til segnok mat til 5 dager for den eine raude dagen. Og da må man ikkje glemme 20 dager med stridsrasjon som allerede er i kjøkkenskapet, døme Joika. Eg for min del kjøpte 2 poser med smågodt:-) i tilfelle det skulle bli tomt for kong Haakon.

Det er då er tenke tilbake på korleis det var før i tiden. Den tiden då husmoren sørget for "blenda hvitt tøy" og gjorde reint som ein "hvit tornado" Det var tider då det ikkje vart handle kvar dag. Man måtte tenke økonomisk og utnytte alle råvarer. Man kjøpte ikkje indrefilet, kyllingfilet, roastbiff etc daglig. Eg ser enda for meg eskene med matvarer som var pakket i Evergood kaffeesker som sto utenfor Jonas som skulebussen skulle ta med til folk i Ørsdalen. Ein gang i uka!! Lure på om innehaveren av Jonas butikken fremdeles pakker matvarer i Evergood esker som skal til Ørsdalen ein gang i uka?? Tvile på det,men kanskje det er ein eller anna igjen.

Ma har det godt. Det kan me ikkje vri oss unna. I nokre land er det problem å få tak i mat. Me har problem med at me ikkje klare og velge då utvalget er så stort. Kanskje difor me handle "alt" for ein dag så at me kan ha samme frihet til og velge den eine raude dagen??

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar