Det står i bibelen at vatn vart gjort om til vin (kan ikkje sei at eg liker det då) Om det stemmer eller ikkje det er ein anna sak. Men i dag har eg gjort lefser om til ved:-) Tok turen heim til Vikeså i dag. Lefsene godt plasert i baksetet på Mini`n (veit at det ikkje er lov og bruke ` på norsk) satte eg kursen sørover. Lefsene vart godt motatt av mor og far. "Dei skal me ha til kaffi seinare!!!" sa mor. Lefsene vart smurte og kutta opp og lagt på eit fat. ( Mor hadde då allerede smak 1 gang på dei) Me snakka og spiste skiver, reker og anna pålegg. Mor var stadig borte på lefsefatet og forsynte seg, far og. Etter ein tur til Egersund var det på tide med kaffi så det hette på landet. For og si det sånn, lefsene som skulle servers til denne kaffien var så og si forsvunnet. Det endte opp med at eg fekk ein smaksprøve av lefsene. Trur du ikkje mor og far hadde smugspist og trykket i seg hele dagen:-) Ja ja gjorde igrunne ikkje noko, fekk med meg masse ved heim, så no har eg noko og varme meg på. Så kan godt si at lefser kan bli til ved:-)
onsdag 24. mars 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
ein ekte byttehandel, me andre ord:)
SvarSlett